10.12.2013:
Då han gjekk ut på dato i Noreg, tok danskane imot han med opne armar. – Eg er ein fornøgd syklist i København, seier Ole Didrik Lærum. Kvar gong han kom heim, sjølv i vaksen alder, måtte han ein tur innom bokhandelen og høyre om dei trong løparguten sin. For her, i bygda sin bokhandel, hadde legesonen sin første betalte jobb. – Om sommaren måtte eg halde sykkel og sykkelveske, om vinteren sparkstøtting og den same sykkelveska. Så fór eg rundt i bygda og ringde på hos folk. «Det er Ole Didrik frå Voss bokhandel, god dag,» sa eg og bukka djupt. Sjølv dei som vanlegvis ikkje betalte, opna...