Oldefars ulveskinnspels
Oldefaren til Ole Didrik Lærum var kommunelege i Gjøvik og distriktet rundt på slutten av 1800-talet.
– Diverre blei han berre 56 år gamal, fortel Lærum. Han sleit seg heilt ut som doktor for 15 000 menneske i eit stort distrikt. – Ein dag han var på veg i sjukebesøk, seig han berre saman i karjolen. Sonen, som var med som skyssgut, måtte køyre faren heim, men livet sto ikkje til å redde.
Sonen – som seinare blei kalla «Gamle Lærum» – utdanna seg óg til doktor og starta praksis på Voss. I 1910 flytta han og familien inn i den store gule sveitservillaen like bak jernbanestasjonen. – «Lærumhuset» som det kallast, er den einaste intakte distriktslegebustaden av sitt slag i Noreg. – Ja, interiøret er bevart, fasaden er restaurert og det gamle legeutstyret er intakt. Dei andre husa – stallen, garasjen og hønsehuset – er óg tekne vare på.
Far til Ole Didrik Lærum – «Unge Lærum» – blei som far sin verande på Voss. Han var lungelege og engasjerte seg i kampen mot tuberkulosen. – I mange år dreiv han Bjørkeli Sanatorium på Voss. Som mange andre helsearbeidarar på den tida blei han smitta av tuberkulose sjølv. Han lo alltid når han snakka om den store kalkflekken han gjekk med på den eine lunga, for kvart år måtte sjølv legen stille på etterkontroll.
Legerolla har forandra seg svært på nokre generasjonar, reflekterer patologiprofessoren.
– Har vi mista noko på vegen?
– Ja, det trur eg. Han uttrykkjer det slik: Livet og sjukehistoria til pasienten blir delt opp i små kanapear. Legen i dag får mange smakebitar, men lite av store brødblingsar. Pasientane i dag har aldri hatt så mykje tilgang på informasjon som no, men kva klagar dei på? Jau, at dei får vite for lite. Det eg trur dei meiner, er at dei har for lite høve til å bruke tid saman med eit medmenneske med eit medisinsk ansvar for deg, seier Lærum. Han trur på å stå saman og kjempe for å få til endringar.
– Viljen til å seie frå har du hatt sidan du var liten, høyrer eg.
– Ja, Voss var ein god plass å vekse opp, men i eit lite bygdesamfunn kan det også bli litt lukka og konservativt.
På Voss var det indremisjon, målrørsla og fråhaldsrørsla som gjaldt.
– Kva reagerte du på?
– Intolerante haldningar. Opplevde eg det, måtte eg seie ifrå.
Seinare har han leia mange aksjonar på forskjellige arenaer. Som rektor for Universitetet i Bergen kjempa han for at universitetet skulle bli opnare mot samfunnet, for å betre forskinga og auke talet på studieplassar.
– Du fekk gjennomslag for det meste.
– Ja, og eg er spesielt stolt av to ting. Det eine er at vi fekk på plass ei akademisk musikkutdanning i Bergen på alle nivå i det som no heiter Griegakademiet. Det andre er at det blei opna for at andre helsefag enn medisin, for eksempel fysioterapi, skulle få ta høgare grad og kunne utdanne seg heile vegen opp til professornivå.
Det siste året som rektor fekk han den stadfestinga han trong på at dei hadde lukkast i å alminneleggjere og opne universitetet mot samfunnet rundt. – Det var 17. mai-tog, og heile leiinga for Universitetet i Bergen kom skridande, lettare teatralsk i lange kapper. Med eitt var det ein kar som vinka og ropte ned til oss frå eit utkikkspunkt: «Se der kommer han Ole Didrik’en med universitetet! Han skal leve! Han skal leve!»
Den tidlegare rektoren humrar godt.
– Det var ein av dei finaste komplimentane eg har fått.
Om han slost i rektortida, gjorde han det enno meir som styreleiar for det nye nasjonale forskingsrådet. Han har dessutan stått på barrikadane i fritida blant anna i fortidsminneforeininga og arbeidet for å redde verneverdige historiske hus.
– Nokre kampar har eg vunne, andre gonger har eg tapt med eit brak.
– Korleis opplevde du det?
– Nei, det var lite kjekt, men ein må jo ta det óg. Og då veit du i alle fall at du har sagt frå.
Det er viktig å både vere ein god vinnar og ein god tapar.
– Du høyrest ikkje skvetten ut. Har du nokon gong mista nattesøvnen når det har storma som verst?
– Nei, men det har hendt ofte at eg har vore så overarbeidd at eg ikkje har sovna av den grunn, påpeikar Lærum. Det høyrer med til historia at han blei født under eit bombeangrep i Bærum to veker etter at krigen hadde byrja. – Fødselen var akkurat over då jordmor kom springande inn til mor. «Viss sjukehuset blir bomba, må du springe ut i skogen den vegen,» sa ho, og peika ut av vindauget der det låg ein halv meter med snø. «Det kan eg vel ikkje, eg har jo akkurat fødd,» sa mor. «Må De, så kan De,» svara jordmora og forsvann ned i kjellaren.
Neste dag skulle alle innom og sjå på babyen til kandidat Lærum. – Heile legevisitten sto rundt senga til mor, og på staden blei eg døypt til «Bombasticus».