Mangel på respekt
– Kva er du mest oppteken av når det gjeld medarbeidaren si rolle i primærhelsetenesta?
– Hovudkritikken min mot allmennlegar og medarbeidarar har vore følgjande: legane er ikkje flinke til å ha personalansvar og medarbeidarane engasjerer seg for lite i dagleg drift av legekontoret. Mange kjem på jobb klokka åtte og tenkjer straks på at dei skal gå heim klokka halv fire. Det kan vere at dei gjer ein framifrå jobb, men den gleda ved å kjenne på at arbeidsplassen er spesiell og kjenne seg heldig som er ein del av den – den kjensla skulle eg ønskje mange fleire hadde.
– Korleis opplever du at samarbeidet mellom lege og medarbeidar fungerer?
– Ofte fungerer det bra, men mange dyktige og velmeinande legekollegaer snakkar til medarbeidarane som om dei var barn. «No må du ikkje miste motet»; «det er fint om du alltid kan smile»; «du må gjerne seie ifrå», er døme på slike utsegn som legen kan kome med til dei tilsette. Det er som ein far som snakkar til barnet sitt. – Og du veit, legg ho til, – når ein vaksen snakkar til eit barn, så snakkar barnet tilbake til den vaksne.
– Er dette ein kultur som endrar seg med ein ny generasjon legar, no når legerollen er blitt mindre paternalistisk?
– Eg trur framleis det er veldig personavhengig, både hos lege og medarbeidar. Mange legekontor er velfungerande, med godt samspel mellom lege og medarbeidar. Andre stadar er det verre stilt. Mange har ein grunnleggjande mangel på respekt for helsesekretærar. Men det er ikkje alltid dei har gjort seg fortent til respekt heller, for den del. Eg er ikkje redd for å halde nokre faner høgt for mi eiga yrkesgruppe. Det går godt an for meg å seie at mine kollegaer kan yte meir.
– Kva slags respons får du på slike utspel?
– Eg trur dei får noko å tenkje på. Det er lettare å kritisere helsesekretærar enn legar. Det er sjeldan dei lèt seg provosere av at eg ber dei om å ta ansvar. Eg har ein liten kjepphest når det gjelder tilsetjingar. Folk slurvar når nye medarbeidarar skal tilsetjast. Det skal være eit trygt og tillitsfullt forhold mellom lege og medarbeidar. Nye tilsette må vurderast grundig. Ein må derfor ha prøvetid. Det er ein kjempekrevjande jobb å vere helsesekretær på eit legekontor. Ein må klare å ha mange ballar i lufta på ein gong. Då må ein ha ein person som tåler «trøkket».
– Førebur utdanninga av helsesekretærar studentane tilstrekkeleg på dette?
– Utdanninga er for svak. Det er også eit problem at ein får så unge helsesekretærar. Når dei er 18 – 19 år er dei ofte ikkje så motiverte for jobben. Ein kjem veldig tett på pasientane, og må ha kunnskap og evne til å handtere folk.
– Bør utdanninga leggjast opp på en annan måte?
– Ja, det meiner eg. Før var det krav til examen artium og toårig praksis. Då var du i alle fall 20 – 21 år når du var ferdig. No er det ei treårig utdanning etter grunnskulen, utan krav til praksis. Ute på legekontora er det oftast ikkje rom eller tid for å ta imot studentar, samstundes som ein ønskjer å vere fagleg lojal og gi skikkeleg opplæring. Eg skulle ønskje meg meir romslege forhold når det gjeld å ta seg av både helsesekretærar og turnuslegar, for den del.
– Dette er jo eit av problema ein får med den modellen vi har valt for drift av allmennpraksis i Noreg?
– Det er ikkje heldig verken for pasienten, legen eller dei tilsette, etter mi oppfatning. Eg har ein frimodig tanke om at mange av dei dyktige helsesekretærane kunne hatt fleire administrative oppgåver. Eg trur at veldig mange legar hadde hatt godt av å sleppe dette. Det gjer det enklare å ha merksemd på kjerneoppgåvene.