«Tøggin og utattspytte»
– Eg har ei oppfatning av at ein del legar har dårlege haldningar til ruspasientar og at det ikkje er alle allmennlegar som ønskjer å ha legemiddelassistert rehabilitering som sitt ansvar. Stemmer dette med dine røynsler?
– Eg snakkar med mange allmennlegar i arbeidet som spesialist og møter stort sett berre ålreite haldningar. Mange gjer så godt dei kan, men fleire synest at det kan vere vanskeleg og treng råd og støtte. Nokre avviser problematikken og vil ikkje ta i det. Andre kan vere naive når det gjeld grensesetjing. Dei fleste som har jobba med ruspasientar har opplevd å bli manipulert eller lurt.
– Men det kjennest ikkje så greitt å bli manipulert?
– Nei, og det er kanskje ein viktig grunn til at ein del vegrar seg for å jobbe med rusproblematikk. Når ein vert manipulert, så kjennest det i «magan», ein får kjensla av å bli «styrt» mot sin vilje, og å bli «invadert».
– Men dette med manipulasjon gjeld ikkje berre ruspasientar. Det hender at ein vert manipulert av andre også?
– Det er grunnleggjande mekanismar, dette, forklarer Skeie. Det finst to typar lege-pasient-forhold. Det vanlege er at legen og pasienten sine interesser samsvarer. Pasienten har eit helseproblem som legen skal prøve å finne ut av, og i fellesskap skal lege og pasient kome fram til korleis det skal løysast. Så har du det manipulatoriske lege-pasient-forholdet. Pasienten er ute etter noko som legen ikkje ønskjer eller meiner er feil å gi. Likevel kan legen ende opp med å gi etter, gjennom manipulasjon eller press. Ofte kjem dette tydelegare fram hos ruspasientar. Men ein kan også oppleve det i andre situasjonar; til dømes ein vanleg pasient som har bestilt seg ein tur til Syden, men så kjem det noko i vegen og han ber legen skrive ein legeattest på at han er sjuk.
Eg har i forkant blitt åtvara mot at det finst tema der Skeie kan tendere til å bli litt monoman. Det kjem tydeleg fram når vi snakkar om rusmedisin. Det er berre å trykke på ein knapp – og det er vanskeleg å avbryte.
– Dessutan har du problema med forfalsking av reseptar, innbrot på legekontoret, steling av stempel og reseptar, held han fram. Eg har opplevd alt dette. Men ein finn metodar for å handtere slikt. Eg hadde vore doktor i omtrent ti år då eg byrja å skjøne meir av kva som skjedde i desse vanskelege lege-pasient-relasjonane. På Toten har vi eit godt uttrykk: «tøggin og utattspytte». Eg forstod at det du kjenner på etter ein sånn konsultasjon, er pasienten sitt eige kaos. Den kjensla du får i situasjonen er intuitiv og ei god informasjonskjelde til korleis pasienten eigentleg har det. Å forstå slike mekanismar er eit viktig første steg når du skal lære å handtere vanskelege pasientar. Og ei viktig presisering: all manipulasjon er ikkje medviten luring frå pasienten si side. Det ligg ofte på eit djupare plan. Det er innarbeidd i heile veremåten, måten å agere på i verda. Folk som har hatt ekstreme livsvilkår samanlikna med dei trygge A4-liva som vi gjennomsnittsnordmenn lever, dei får eit anna styringsmønster. Dersom du har levd i ein situasjon der hovudmålet er å overleve frå ein dag til ein annan, så er det det som har forma deg. Mange rusmisbrukarar har hatt det sånn lenge, i verste fall frå dei var born.
– Men skal ein akseptere ein annan moralsk standard frå rusavhengige?
– Nei, det skal ein ikkje. Men det er viktig å forstå kvifor det er sånn, særleg når du har gjort alt som står i di makt for at det skal gå bra, men så, i løpet av timar, er alt du har jobba for i månadsvis øydelagt gjennom pasienten si eiga destruktive åtferd. Det verkar heilt uforståeleg at dei ter seg som dei gjer. Men då har du ikkje sett den indre logikken. For at du skal kunne påverke og behandle, så må du forstå dette. Dei fleste som slit med avhengigheitsproblematikk lever med ein ambivalens. På den eine sida er ynskjet om å kome ut av avhengigheita og leve eit såkalla normalt liv i rusfridom. På den andre sida er dragninga mot rusen. Det er i rommet mellom desse to ytterpunkta at vi som behandlarar kan gripe inn og prøve å styrkje den sida som dreg i den gode retninga.