17.03.2005:
Dei nye merkereglane for mat i EU, som vart vedtekne i november 2003, skil ut 12 matvarer som skal ha spesielt strenge reglar for merking avdi dei kan gje alvorlege allergiske reaksjonar (1). Desse 12 er skaldyr, egg, fisk, peanøtter, soya, mjølk inkludert laktose, nøtter (mandel, hasselnøtt, valnøtt, cashewnøtt, pecannøtt, paranøtt, pistasieenøtt, macadamianøtt og queenslandnøtt), selleri, sesamfrø, sennep og korn som inneheld gluten (kveite, rug, bygg, havre, spelt, kamut og krysningar av desse). Svoveldioksid og sulfitt over 10 mg/kg eller 10 mg/l er med på grunn av ikkje-allergisk...