01.02.2021:
Psykisk liding kan både vere ein risikofaktor for covid-19 og ein følgjetilstand etter covid-19. I ein kohortstudie basert på eit elektronisk helseregisternettverk i USA blei nesten 45 000 covid-19-pasientar utan psykiatrisk forhistorie samanlikna med seks andre kohortar med ulike akutte tilstandar (1). Risikoen for å bli råka av psykisk liding var høgare etter covid-19 enn etter både influensa (hasardratio 2,1; 95 % KI 1,8 til 2,5), andre luftvegsinfeksjonar (1,7; 1,5 til 1,9), nyrestein (2,2; 1,9 til 2,6), frakturar (2,1; 1,9 til 2,5), hudinfeksjonar (1,6; 1,4 til 1,9) og gallestein (1,6; 1...