30.05.2001:
Då tanken om å flytte frå ein trygg og fredeleg kommunelegejobb i Aurland i Sogn til England melde seg, fekk eg råd om å starte prosessen tidleg. Sjølv om Noreg gjennom EØS-medlemskapen er ein del av den frie vesteuropeiske arbeidsmarknaden, kan det ta tid å få dei naudsynte godkjenningane. Å flytte til Storbritannia krev berre gyldig pass, men å jobbe som lege krev at ein vert registrert i det engelske legeregisteret. General Medical Council (GMC) er godkjenningsinstansen, og etter å ha fylt ut søknadsskjema med naudsynte vedlegg, var det uproblematisk å kome på GMC si hovudliste, ”Principal...