Tverrfagleg samarbeid
Ein sentral person på engelske legekontor er Practice Manager, som er driftsansvarleg og som gjer største delen av det administrative arbeidet. Vidare er det vanlegvis knytta ein sjukepleiar, Practice Nurse, til kontoret. Sjukepleiaren sine oppgåver er mellom anna blodprøvetaking, å driva klinikkar for visse sjukdomsgrupper, diettrådgjeving, småbarns- og reisevaksinasjon, cervixcytologisk prøvetaking og registrering av nye pasientar i praksisen. Sjukepleiaren avlastar i høg grad legen, og ei slik ordning bør det vere mogleg å tilpasse norske tilhøve. Med klare behandlingsprotokollar, er det kanskje ikkje naudsynt at legen ser diabetikarane, astmatikarane eller blodtrykkspasientane anna enn når det oppstår problem. Sjølv om det vert teke blodprøver, er det ikkje tradisjon i England for å analysere prøver på kontoret. Når ein stor del av pasientane i vinterhalvåret kjem på grunn av hoste med ekspektorat i ulike kulørar, hadde det no og då vore godt å ha CRP å ty til.
Andre viktige samarbeidspartnarar på kontoret er helsesyster, Health Visitor, og jordmora med ansvar for barnekontrollar og svangerskapsomsorga. Allmennlegen sjekkar borna to gonger, når dei er omlag seks veker og åtte månader gamle, og er ikkje rutinemessig involvert i svangerskapsomsorg. I tillegg er det heimesjukepleie som fungerer om lag som i Noreg, og fotterapeutar er i alle høve i denne delen av England sett på som ein viktig del av primærhelsetenesta. Fysioterapeutar derimot har inga sentral rolle. Det finst private fysioterapiinstitutt, men National Health Service dekker ikkje kostnaden ved behandlinga, og følgjeleg er det for mange eit uaktuelt tilbod. Fysioterapiavdelinga på lokalsjukehuset tek imot polikliniske pasientar, men det ser ut til at det er liten tradisjon for å tilvise pasientar med meir kvardagslege muskel- og skjelettplager. Eg har inntrykk av at hovudoppgåvene er postoperativ opptrening og opptrening av særskilte grupper, til dømes slagpasientar. Fysioterapeutane er óg involverte i smerteklinikken si behandling av pasientar med kroniske, alvorlege smertetilstandar. Eit alternativt tilbod til pasientane er trening på godkjende treningsinstitutt i regionen. Slik trening kan pasientane få på ”resept” dersom allmennlegen finn at det er høveleg. Pasientane får ein gratis konsultasjon med ein treningsinstruktør der det vert laga eit individuelt tilpassa treningsprogram. Treninga vert sidan gjennomført på instituttet under rettleiing og til gunstig pris.
Psykisk helsevern er godt utbygd, i alle høve den polikliniske delen. Det er litt ventetid for å kome til psykiatar poliklinisk, men det er lett å få time til rådgjeving, ”councelling”, hos ein psykiatrisk sjukepleiar eller ein annan person som har gjennomgått relevant opplæring. I tillegg reiser psykiatarane utruleg nok i heimebesøk på kort varsel, etter oppmoding frå allmennpraktikarar. Det hadde vorte vanskeleg å organisere i Sogn og Fjordane. På lokalsjukehuset har dei alle naudsynte spesialitetar, ventetida for å få poliklinisk time varierer frå nokre veker hos revmatologen til eit år hos nevrologen. Eit særtrekk er at overlegane i tillegg til det dei gjer for National Health Service, har private poliklinikkar i ein eigen fløy på sjukehuset. Tilvisingar frå primærlegen vert gjerne retta personleg til ein spesialist, og dersom eg skriv at pasienten ønskjer timen som privat pasient, er ventetida berre 1 – 2 veker. Det må pasienten betale om lag 100 pund for. Få av mine pasientar har høve til å nytte denne snarvegen i systemet.