11.06.2013:
Luksasjonstendens eller ustabilitet er eit viktig kvalitetsmål for hofteprotesekirurgi. Luksasjon er, nest etter losning, den vanlegaste større komplikasjonen til slik kirurgi og sannsynlegvis eit aukande problem (1). I motsetning til losning oppstår luksasjon kort tid etter inngrepet, ofte innan ein månad. I litteraturen er luksasjonsfrekvensen 2 – 3 % (2) – (13). Årsakene er multifaktorielle (7, 8). Det kan vere forhold ved pasient, operatør, protesetype eller inngrepet. Årsaka kan også vere reint mekanisk, med feilstilling av protesedelar. Det kan vere retroversjon eller for stor...