26.10.2020:
Dermatoskopet er stetoskopet til hudlegen. Det vert brukt til diagnostikk av pigmenterte lesjonar, benigne og maligne tumorar, inflammatoriske dermatosar og ved infestasjonar. Dermatoskopet kan òg vere nyttig for allmennlegen, m.a. til skabbdiagnostikk (1, 2). Ein skabbmidd er 0,2–0,5 mm i diameter. Den grev ein gang i epidermis, i hornlaget (stratum corneum), der den legg egga sine. Både midd og skabbgangar lar seg godt visualisere med eit dermatoskop som forstørrar ti gonger. Når vi har funne ein mistenkt eller sikker skabbgang i lupelampen, ser vi denne tydeleg i dermatoskopet (grå pil). I...