28.02.2002:
I artikkelen Luftforurensning og helse i Tidsskriftet nr. 2/2002 (1) blir det gitt ein definisjon av PM 10 som ”partikler med en diameter på 2,5 – 10 µ m”. Denne definisjonen er ikkje korrekt. PM 10 inneheld alle dei partiklane i lufta som har ein aerodynamisk diameter frå 10 µ m og nedover. Det er berre partiklar større enn 10 µ m som ikkje er inkluderte, og det er inga nedre grense slik det vert sagt i artikkelen. Aerodynamisk diameter på 2,5 µ m som er nemnt i artikkelen, dannar eit skilje berre på den måten at partiklar som er større enn 2,5 µ m høyrer til grovfraksjonen av PM 10, medan...