03.12.2009:
Om tilhøvet mellom mat og blod. Nei, det skal ikkje handla om blodmat, endå det kunne eg godt ha skrive om, bondegut som eg er og oppvaksen på ein gard, i ei tid der det enno var lov å slakta og vidarebehandla kjøt og blod. Mattilsynet var ikkje oppfunne i dei første tiåra etter krigen, verken som fenomen eller ord. Det som er ærendet mitt, er tilhøvet mellom mat og blod. Maten er energien, drivstoffet. Blodet er fordelaren og formidlaren av drivstoffet rundt til cellene i kroppen. Då er det, reint logisk, to grunnleggjande spørsmål som burde melda seg temmeleg omgåande: For det første – er...