28.05.2013:
Oksehunger er ikkje ei orsaking for overeting. I alle fall ikkje ei god orsaking. Eg har ei veninne, lat oss kalle henne Oddlaug, som slit med å kvitte seg med babykiloa etter å ha fødd sitt tredje barn for åtte månader sidan. I samtale med andre kan ho av og til tilgje seg sjølv for dette, ettersom det blir lite tid til å trene med tre små barn, og dette får ho også som regel støtte for, ofte saman med ein trøystande kommentar om at åtte månader er då ingenting! Korleis nokon får tid til å trene utover barnevogntrillinga, er ei gåte for absolutt alle, kan det verke som, og dessutan er det...