Det forsvarlege handlar om meir enn medisin
I artikkelen hevdar forfattarane at å vise til kravet om forsvarleg helsehjelp ikkje nødvendigvis løyser konfliktar – og at det kan skjule verdival. Reint umiddelbart kan eg vere samd i at lovkravet om forsvarleg verksemd i seg sjølv ikkje er konfliktløysande. Men eg vil hevde at om omgrepet «forsvarleg helsehjelp» blir brukt på ein slik måte at det skjuler verdival, så blir det brukt i strid med intensjonane til lovgjevaren.
Det eksplisitte kravet om forsvarleg verksemd kom inn i helsetenestelovgjevinga ved legeloven og tannlegeloven av 1980. I forarbeida til desse lovane er kravet om forsvarleg verksemd knytt nær opp til etiske vurderingar og «hva god legeskikk tilsier» (2). Det er ikkje bunde til reint medisinske forhold, og slett ikkje til det personlege synet til legen. Dette breie synet på omgrepet er utan tvil ført vidare i den gjeldande lovgjevinga. Ein kan til og med hevde at det er gitt eit vidare perspektiv ved at plikta til å søkje støtte og samarbeid er lovfesta, jf. helsepersonelloven § 4 andre ledd (3). Det er ei slik vid forståing av kva som er innhaldet i omgrepet «fagleg forsvarleg verksemd» som må leggjast til grunn (4). Helsepersonelloven legg plikta på den einskilde av helsepersonellet, men kravet om forsvarleg verksemd i § 2-2 i spesialisthelsetenestelova blir tolka likeins når det gjeld til dømes den plikta som fell på sjukehuset (4).
Fagleg forsvarleg verksemd handlar såleis ikkje berre om medisinske vurderingar i snever forstand. Det handlar til dømes også om når og korleis informasjon blir gitt og medverknad sikra. Dette var då også eit av dei spørsmåla som Statens helsetilsyn vurderte (og kritiserte) i ei av dei sakene som er omtala i artikkelen (5).
I ei nyare sak med liknande innhald uttrykkjer Statens helsetilsyn seg slik (6):
«I en situasjon som i denne saken hvor pasienten er innlagt i sykehus med alvorlig tilstand, er det viktig at det foretas en grundig utredning av om livsforlengende behandlingstiltak vil kunne ha effekt dersom det inntrer en forverring. Vurderingen må også omfatte om pasientens lidelse/smerter mv. vil kunne forverres ved behandlingstiltak. En grundig medisinskfaglig utredning/vurdering må ligge til grunn for at helsepersonellet skal kunne konkludere med at de åpenbart ikke kan akseptere pasientens/representantens ønsker i en slik situasjon.»
Likeins må tilsvarande breie og klårt uttrykte vurderingar liggje til grunn dersom reint fagmedisinske mål står i konflikt med til dømes synspunkt på kva som er eit liv verdt å leve og kva som er akseptable kostnader ved eit tiltak. Avgjerda i einskildsaker må heller ikkje då berre byggje på dei personlege synspunkta til legen, men finne rotfeste i det som er allment akseptert i det faglege fellesskapet, innanfor dei rammene som samfunnet har gitt gjennom lovgjevinga (7).