Reichs orgonterapi
Hr. redaktør.
I tidsskriftet dykkar nr. 23 for 15. november har professor, dr. med. Gabriel Langfeldt i sin artikkel «Psykoterapevtiske fremskritt» ei åtvaring mot underskrivne: «Men så opplever man altså at en av de autoriserte analytikere (dr. phil. Ola Raknes) låner sitt navn til den Reichske orgonterapi .... som iallfall ethvert individ med noen medisinsk skolering må forstå er det rene vrøvl. Det er lite betryggende at pasienter skal behandles i årevis hos analytikere som viser sådan mangel på kritikk at de går inn for den Reicske behandling i akkumulatoren.»
Til dette lyt eg be om rom for eit svar, som eg er leid for lyt verta noko lenger enn professor Langfeldts summariske påstand. [...] at orgonterapien er noko «vrøvl» har alt føreåt fått sitt svar i eit brev som sekstan amerikanske medisinarar sende til American Medical Association den 13. april i år. [...] For at ingen skal kunna skulda meg for vilkårleg sitering, lyt eg få taka med heile brevet i omsetjing: [...]
For min part trur eg at desse underskrivarane veit betre enn professor Langfeldt kva «ethvert individ med noen medisinsk skolering må forstå» om orgonterapi, NB når vedkommande har sett seg forsvarleg inn i emnet. Sidan professor Langfeldt, som rimeleg kan vera, legg slik vekt på utgiftene, får eg kanskje lov å opplysa at eg ikkje har ein øre i inntekt på dei akkumulatorane som er i bruk her i landet, berre utlegg og bry. Eg ville ha funne det rimeleg om dei som har hatt godt av dei hadde ytt litegrand til granskningsarbeidet åt Reich, men så lenge bruket av dei enno må reknast å vera på eksperimentstadiet, har det aldri vore tala om noka slik yting.
Oslo, 21. november 1949 Ola Raknes.
Det er ikke bare meningsutveksling blant leger som har preget Tidsskriftets korrespondansespalte. Allan Aarflot, som var lektor i videregående skole, var en av dem som hadde antitobakksarbeid som kampsak på 1970-tallet – bl.a. ved innlegg i flere publikasjoner (1).
Leserbrevet vi her siterer fra, stod på trykk for 30 år siden. Samme år ble reklameforbudet innført, ved Lov om vern mot tobakkskader av 9. mars 1973. To år senere kom det advarsler på sigarettpakkene i Norge: