Dei harde fakta
Materialet som blir presentert nedanfor er basert på gjennomgang av dataregistreringar, pasientjournalar og obsromsskjema for nyttårsnatta og inkluderer dei pasientane som blei tilsette av lege på nattevakt. Dette skiftet går frå kl 2245 til kl 0800.
I løpet av natta blei 68 pasientar undersøkte og behandla – i all hovudsak unge pasientar, 37 av dei var i aldersgruppa 15 – 24 år, fire var eldre enn 40 år. Det var dobbelt så mange kvinner som menn, den klaraste overvekta var i aldersgruppa 15 – 24 år.
Dei fleste pasientane, 38 av 68, kom mellom midnatt og kl 03. Totalt kom 47 ved eiga hjelp eller i følge med pårørande, 13 kom med ambulanse og fem med polititransport, tre blei overførte frå Skadeseksjonen. For sju pasientar føreligg det journalopplysningar om at dei kom direkte frå arrangementet på Rådhusplassen.
Av dei 68 pasientane blei ni innlagde i sjukehus direkte frå Legevakta, tre blei sende til sjukehuspoliklinikkar neste dag. Ni blei innlagde på observasjonsposten, og alle desse blei utskrivne til heimen dagen etter. Heile 22 pasientar var innom obsromma i løpet av natta. Dei øvrige, 35 i talet, forlét Legevakta på eigne bein etter endt konsultasjon.
Dei hyppigst stilte diagnosane (ICPC) denne natta var P16 Alkoholforgifting (19), R80.01 Influensaliknande sjukdom (6), F79 Augeskade (4), R96 Astma (4), R98 Hyperventilering (4) og F76 Framandlekam i auget (3).