Aage Sand

    ()

    sporsmal_grey_rgb
    Artikkel

    Med sorg fekk me melding om at Aage Sand var sjuk og vart svakare til han 26. desember 2024 sovna inn med sine næraste rundt seg.

    Aage var fødd den 25. mars 1941 i Nordre Land. Etter gymnaset på Gjøvik valde han å studera medisin i Erlangen, Tyskland. Han tok tilleggseksamen i 1967, turnusteneste i Odda og Førde i Sunnhordland. Etter militæret melde han seg til teneste for Det Norske Misjonsselskap og fekk innføringskurs i Stavanger, franskkurs i Frankrike og studier og arbeid i tropemedisin ved l'Université d'Aix-en Provence i Marseille.

    I 1972 kom han til Kamerun og lærde seg språket fulfulde. Men det var nær 100 andre språk, så han måtte ha tolk via fransk eller fulfulde. Hausten 1972 vart han den fyrste dokteren ved Hôpital de Ngaoubela. Sjukehuset hadde éin norsk og to ikkje-autoriserte sjukepleiarar. Til poliklinikken kom 7 000 pasientar årleg. Mangelen på lege var utfordrande, med evakuering 250 km på dårlege vegar, og vendereis om pasienten døydde. «Endeleg fekk dei lege», skreiv ein sjukepleiar i 1972. Sjukehuset hadde lite utstyr, men Aage fekk engasjert folk heime til innsamlingar.

    Folk var ikkje vant med operasjonar. I 1973 gjorde han 20 inngrep på 8 månader, og dei neste 4 månadene gjorde han 77! Det var kompliserte fødslar, ekstrauterin graviditet, inneklemd brokk og skadar frå brannar, ville og tamme dyr og slagsmål. Det var tropesjukdomar og vanlege sjukdomar, der meslingar og infeksjonar dominerte. Ein koloni for spedalske hadde 30 innlagde, og like mange polikliniske pasientar. Aage søkte om å få dra rundt i landsbyane for å driva førebyggjande medisin, og fekk løyve til sist. Han var misjonær og såg det som ei kristenplikt å arbeida for betre helse. Han var også med og forkynte evangeliet, altså både handling og ord!

    Etter tre år på sjukehuset i Ngaoubela, var han to år på Farsund sykehus. Frå 1977 var han på Hôpital Protestant de Ngaoundéré i Kamerun. Han vart direktør med ansvar for alt sjukearbeid i den nasjonale kyrkja: tre sjukehus, åtte poliklinikkar, to koloniar for spedalske og ein barneheim. Dei sende unge kamerunarar til sjukepleiarskule og til medisin- og tannlegestudiet for at nasjonale skulle overta.

    I 1982 vart han distriktslege, seinare fastlege på Lista. Han hadde evalueringsoppdrag for Kirkens Nødhjelp og sat i styret for Strømmestiftelsen. Han hadde alltid omsorg for kone, sine tre barn, barnebarn, oldebarn og svigerbarn, som saknar han sårt.

    Me lyser fred over minnet til ein kjær kollega, ven og pioner frå misjonsarbeidet i Kamerun.

    Opplysningar om Aage Sand sitt arbeid i Kamerun er henta frå «Konferansereferat frå Kamerun 1972–1982» i Misjons- og diakoniarkivet, VID vitenskapelige høgskole, Stavanger.

    Kommentarer  ( 0 )
    PDF
    Skriv ut
    Kommenter artikkel

    Anbefalte artikler