10.04.2003:
Vi er framleis regjerte av kyrkjeåret. Det er underleg, sekulariserte som vi er, og har vore lenge. For dei fleste av oss krinsar året kring tre sentra: jula, påsken og sommarferien. Ja vel, ferie og fritid, det tek vi gjerne imot. Og når vi frå historia har arva to så lange helger som jula og påsken, så held vi gjerne fast på dei framleis. Nokså mange av oss, kanskje dei fleste, har jo kvitta oss med substansen i jule- og påskefeiringa, vi går ikkje til kyrkje eingong. Det er ribbe og surkål, forretningsstanden og julenissen som held liv i jula, som det er fryseboksen, vinkassen og høgfjellet...