10.12.2018:
Brev frå ein mann innlagt på sjukehus for behandling av tuberkulose i ryggen for nesten 70 år sidan gjev oss innblikk i ei anna tid og ein annan medisin. Tuberkulose, tæring, den kvite pesten. Sjukdomen hadde mange namn, og han var dødeleg. Omkring 1900 skriv kring ein femdel av alle dødsfall her i landet seg frå tuberkelbakterien (1), Mycobacterium tuberculosis, som vart oppdaga av tyskaren Heinrich Hermann Robert Koch i 1882 (2). I dag er tuberkulose eit av dei alvorlegaste folkehelseproblema i verda, ikkje minst i lavinntektsland. I 2016 tok sjukdomen 1,7 millionar liv (3). I Noreg på 1950...