20.04.2002:
Boka er utgitt av Dansk Sygeplejeråd, med format og plastbind som vår Felleskatalog, men med tjukkare papir. Ho har liknande opplegg som den amerikanske Taber’s cyclopedic medical dictionary (1), dvs. ei blanding av korte oppslagsartiklar og lengre lærebokliknande stykke. Både Taber’s og denne boka er berekna på sjukepleiarar, men vil vera til nytte også for andre grupper. Dei fleste oppslaga gir korte, gode forklaringar på medisinske uttrykk, ofte forsynte med etymologiske opplysningar. Uttrykk som dilatation, eksakt, ekstrem, persistere mv. kunne vore sløyfa, dei høyrer heime i vanlege...