Kommentar

Det er forskjell på kvinner og menn, sjølv i Norge

Heidi Farstad Kvalheim
Sosionom og klinisk spesialist i familieterapi
Interessekonflikt:  Nei

Norge har lagt seg på ein «mainstream» likestilling, noko eg trur er ein blindveg. Alt i vårt samfunn er kjønna, frå vi vert fødde. I realiteten har vi kvinner høyrt i fleire tiår at for å bli likestilte, må vi ta etter mennene. Er det likestilling? Kva med feminine verdiar? Å bære fram barn er faktisk noko berre kvinner gjer. Å amme, gje omsorg for både små og gamle, folk på utsida av samfunnet og sjuke. I dag har vi, etter mi meining, eit samfunn der dette ikkje blir verdsatt, men det er faktisk det viktigaste for oss alle. Undersøkelsar viser og at kvinner er meir opptatt av miljøvern og naturvern, og av kollektive løysingar der alle vert ivaretatt (1). Vi må få feminine verdiar høgre verdsatt en no. Det er det beste for alle i eit samfunn. Vi må endre haldingar til kva som er lønsamt på sikt! Ikkje pengestyrte samfunn som øydelegg både naturen og med det oss sjølve.

Litteratur
1. NRK. Menn vil ha økonomisk trygghet over miljø. https://www.nrk.no/nyheter/menn-vil-ha-okonomisk-trygghet-over-miljo-1.17345992 Lest 24.3.2025.

Publisert: 24.03.2025