Sentralstyre og legepresident for retten i Tyrkia

    ()

    sporsmal_grey_rgb
    Artikkel

    Den norske legeforening har sidan 1990-talet samarbeida med den tyrkiske legeforeninga om menneskerettar. Tidlegare var arbeidet sentrert rundt tilhøva i tyrkiske fengsel, no er det presidenten og sentralstyret i foreninga som treng støtte.

    Sentralstyret i den tyrkiske legeforeninga er kollektivt tiltalt for å propagandere for terrorverksemd. Presidenten, Şebnem Korur Fincancı, er dømt til to år og åtte månader fengsel, og dom i ankesaka er venta å kome i desse dagar.

    Den tyrkiske legeforeninga sitt sentralstyre med presidenten møtte 10. november i retten i Ankara (1). Det samla klagemålet mot dei var at dei har drive propaganda for eit prokurdisk parti. I ei anna rettssak er presidenten skulda for propaganda for ei terrorverksemd, då ho som rettsmedisinar har uttalt seg til ein tysk TV-kanal om bruken av kjemiske våpen mot kurdarar i Nord-Tyrkia. Denne saka er framleis ikkje avgjort.

    Desse to sakene blandast no saman til ei kompleks og uforståeleg suppe. Det antatte målet er å innsette eit nytt styre som er regimetru. Det er omtrent som om vår president Anne-Karin Rime skulle ha fått ein klage på jobben som anestesilege og helseminister Ingvild Kjerkhol dermed avsette sentralstyret i Legeforeningen og sette inn eit arbeidarpartivenleg styre.

    Det antatte målet er å innsette eit nytt styre som er regimetru

    Saka mot den tyrkiske legepresidenten har vore gjennom mange rundar i rettsapparatet. Internasjonale aktørar som World Medical Association (WMA) og Standing Committee of European Doctors (CPME) har vore til stades som støtte – trass i at rettsmøta blir lagt til datoar som vesle julaftan og i påsken. 10. november var òg dato for generalforsamlinga til CPME. Eg reiste derfor ned som einsleg representant for både den europeiske og verdas legeforening og Menneskerettsutvalet i Legeforeningen.

    Rettssaka kom og gjekk – dommaren utsette til 30. november.

    Den tyrkiske legeforeninga har i årevis engasjert seg for menneskerettar. På eit vis gjer dei fleste legar det, vi står opp for pasientane våre og forsøker å hjelpe dei til å oppfylle retten til liv, til arbeid og til helse. Vi som er legar i Noreg, kan gjere det fordi vi har den fundamentale retten til ytringsfridom. Tyrkia har dei siste åra flytta seg vekk frå det demokratiske grunnprinsippet om maktdeling mellom den dømande, den øvande og den lovgjevande makta og har i aukande grad ei sentral makt.

    Den 8. november i år var ein merkedag. Då overprøvde ein lågare tyrkisk domstol ein høgsterettsdom. Ein fengsla parlamentarikar frå eit opposisjonsparti fekk medhald frå den konstitusjonelle domstolen i at han har immunitet som parlamentarikar, medan den lågare domstolen, som var lojal mot president Erdoğan, forkasta dette og sette til side dommen (2). Rettstryggleik blir i så måte eit ord utan innhald.

    Tyrkia opplever aukande vald i samfunnet. Våpenbruk på sjukehus er òg aukande, og fleire legar har blitt drepne av pasientar og pårørande (3). Når dette er kvardagen, og ein heller ikkje har rettstryggleik – ja, då er det ikkje vanskeleg å skjøne at ein søker seg vekk. Tyrkiske yngre legar vel i stadig oftare å reise frå Tyrkia. Dei ber legeforeninga si om eit letter of good standing og etablerer seg i andre land, gjerne i Europa (4). Og Europa treng sjølvsagt legar.

    Så kvifor engasjerer Den norske legeforening seg i dette, både gjennom dei internasjonale samskipnadane, og no direkte? Tyrkia er eit land mange har eit forhold til. Det er eit land vi samarbeider med, eit NATO-land – og eit demokrati. Ei autonom legeforening er ein føresetnad for at vi som legar kan stå opp for pasienttryggleik, trygge arbeidstilhøve og fagleg forsvarleg drift. Verdas legeforening vedtok på førre møte ein resolusjon om å ikkje arrangere kongressar i land der legar ikkje har ytringsfridom (5). Dette er eit punkt å hugse på i ei globalisert verd der demokratiet er trua fleire stader. Lat oss håpe den tyrkiske legeforeninga lukkast i sin kamp, så Tyrkia slepp å hamne på den lista.

    Kommentarer  ( 1 )
    PDF
    Skriv ut

    Anbefalte artikler