Kommentar

Takk

Jarle Hjartåker
Spes alm med i Øystese
Interessekonflikt:  Nei

Takk for eit balansert og godt innlegg om faslegetenesta (1). Eg har vore fastlege sidan 1984 og det har vore ein god jobb til no. Kan hende eg jobbar fem år til, men ikkje om det fortset som no.

Næringsmodllen er nødvendig for å halde oppe produksjonen og mange klarer dette fint. Det er ei produktiv og rimeleg ordning for staten. Det er for mykje fokus på fastlønn og lite på den ordninga som har helde dette oppe i mange år. Begge deler må vera mogeleg. Då må staten gjera noko reelt med dette. Tida som går utarmer fastlegeordninga meir og meir. Det som har vore gjort til no er ingen reelle forbedringstiltak etter mitt syn. Trua på at det kjem noko som hjelper er ikkje så stor lenger.

Litteratur
1. Fiskå ØS. Vi må rekruttere de riktige fastlegene. Tidsskr Nor Legeforen 2022; 142. doi: 10.4045/tidsskr.22.0140

Publisert: 19.04.2022