Kommentar

Prosentbegrepet bør utgå

Hallvard Reigstad
Seksjonsoverlege, Barne- og ungdomsklinikken
Interessekonflikt:  Nei

Fredrik Eika og medarbeidarar legg fram ein interessant og viktig kasuistikk om hyperglykemisk, hyperosmolært syndrom. I ein elles god og instruktiv artikkel bruker dei begrepet 0,9 % natriumklorid og glukose 5 % gjennomført. Feil ved medikamentdosering og administrasjon er dessverre ei av dei viktigaste årsakene til feilbehandling i sjukehus, og ein viktig forutsetning for riktig administrasjon er at det blir brukt riktig benevnelse på det som skal gjevast. Prosentbegrepet har overlevt lenge både i muntleg omtale og skriftlege ordinasjonar, men det er mange år sidan produsentane av dei forskjellige væskene endra dette. Vi bør både ordinere og omtale medikament og væsker i samsvar med godkjent nomenklatur.

Publisert: 25.03.2019