Samarbeid med UNICEF
Samarbeidspartnar for MedHum-aksjonen 2009 er UNICEF (4). Prosjektet heiter Sierra Leone Survival Kit. Pakka inneber førebygging av sjukdom gjennom vaksinar og kosttilskot, opplæring av helsepersonell og haldningsskapande arbeid og behandling av dei vanlegaste bornesjukdommane malaria, diaré, akutte luftvegsinfeksjonar og underernæring (3). Saman med representantar for UNICEF drog me til landet i september 2008.
Me vart frakta i helikopter frå flyplassen i hovudstaden Freetown til sentrum. Dei neste dagane køyrde me Landrover på vegar som hadde fleire hol enn flate parti. Me reiste fyrst til den nest største byen, Bo. Her vitja me ein helsestasjon som nytta modellen «survival kit». I løpet av veka såg me både små helseklinikkar ute i distrikta og eit større sjukehus i Freetown. Det at UNICEF og organisasjonar som Leger Uten Grenser er til stades i landet er viktig.
Landet har enorme naturressursar, men har til no ikkje klart å nytte dei særleg godt. Det finst mat, men folk manglar pengar. Dei veit ikkje kor viktig det er med eit balansert kosthald og et nesten berre ris. Det kan gje feilernæring og underernæring, som gjer at mange ungar døyr (3).
Tenåringsgraviditetar er også eit stort problem. Jentene byrjar på skulen, men når dei blir 13 år, blir mange gifta bort. Så blir dei gravide, og då sluttar dei på skulen. Ofte er ekteskapet arrangert og mannen svært mykje eldre. I UNICEF håpar ein at dette kan endrast gjennom opplysing og utdanning. Ein ser likevel stor framgang, og alderen til mødrene aukar stadig!