Biologisk antropologi
For det er nok av andre spørsmål. Det openbare er korleis ein endar opp med å drive med eit fag som ingen andre driv med. Korleis ser starten på ein slik karriereveg ut?
– Hehe. Eg har faktisk halde på med dette heilt sidan eg var student. Eg har alltid hatt ei interesse for historie og tenkte på å studere arkeologi, men innsåg at det var eit usikkert levebrød. Som ung medisinstudent var eg likevel med på arkeologiske utgravingar. Etter kvart kom eg i kontakt med anatomiprofessor Johan Torgersen. Han følgde meg opp, lét meg gå på kurs og kongressar og fekk meg i sving, fortel etterfølgjaren til Torgersen.
Holck reklamerer med at faget hans spenner over så store område som anatomi, rettsmedisin og historie. Han meiner at det er ein føresetnad å ha historieinteresse i botn, noko han sjølv har vist som forfattar av fleire bøker og artiklar (1) – (4). Men uansett talar CV-en hans sitt tydelege språk: Det første han gjorde etter turnustenesta var å starte privat allmennpraksis. Når alt kjem til alt, var kanskje pengar meir interessant enn skjelett?
– Då eg var ferdig med eksamen, var det inga ledig stilling ved anatomisk institutt. Det vil seie, eg kunne få ei stilling, men eg kunne ikkje få løn. Torgersen vart svært skuffa og overraska då eg takka nei, mimrar Holck med eit smil.
Som privatpraktiserande fekk han høve til å drive med antropologifaget ved sidan av. Han jobba framleis i allmennpraksis då han tok doktorgrad. Hadde han fått sjansen, hadde han nok valt forskinga direkte. At skjebnen førde han ut i allmennpraksis, er han likevel takksam for.
– Eg angrar ikkje ein augneblink på å ha drive vanleg praksis. Det har lært meg mykje om medisinen generelt, mykje som mange av mine forskarkollegaer har gått glipp av. Kall det gjerne gledene vanleg pasientkontakt kan gje. Og så har eg fått eit vidare syn på menneska enn det anatomien aleine kan gje, fortel han, og legg til at han framleis har ei lita stilling som bedriftslege, «for å ha kontakt med dei levande».