Tebogo
Klokka er 10 laurdag føremiddag på Mahalapye Hospital. Ein pasient, la oss kalle ho Tebogo, blir henta inn på behandlingsrommet på båre. Slektningane har frakta ho på lasteplanet frå ein landsby ti mil unna. Ho ligg med attlatne auge, ser ut til å puste normalt, har normal ernæringsstatus og verkar febril når eg tek på ho. Slektningane fortel at ho har hatt sterk hovudverk i ei veke og at ho dei siste dagane har vore forvirra og kasta opp mange gonger.
På poliklinikkortet ser eg at 25 år gamle Tebogo har testa positivt på hivtest for tre veker sidan. Etter ei veke med sterk hovudverk hadde ho då vore på ein klinikk i hovudstaden Gaborone, der ho jobbar som hushjelp. For ei veke sidan var ho på same klinikken fordi hovudverken ikkje hadde vorte noko betre og ho hadde begynt å kaste opp. Legen mistenkte ei form for subakutt meningitt, til dømes kryptokokkmeningitt eller tuberkuløs meningitt, og foreslo spinalpunksjon. Dette hadde ho ikkje samtykt i, og ho vart sendt heim att. Slektningane hadde så henta ho heim til landsbyen der ho kjem frå.
Pasienten blir undersøkt: Tebogo opnar auga ved tiltale og svarar enkelte gonger med einstavingsord når ho blir spurt mange gonger med høg stemme. Ho rører alle ekstremitetane. Ho har feber og lett nakkestivleik. Den mest sannsynlege diagnosen er kryptokokkmeningitt. Vi tek blodprøver samtidig som vi begynner samtalen med pårørande om spinalpunksjon. Dette har dei allereie diskutert, og dei eldste i familien har gitt løyve til å ta prøve frå «the back bone». Nokre av tantene og onklane var svært skeptiske, men systera til pasienten klarte å overtyde resten av familien om at dette var heilt naudsynt.
I Europa og USA og andre rike land blir det utført CT av hjernen for å utelukke auka intrakranialt trykk ved mistanke om fokal lesjon. I Botswana er det to CT-maskinar, og for denne pasienten er det ikkje aktuelt med CT før spinalpunksjon. Oftalmoskopi viser greie papillgrenser, og spinalpunksjon blir utført. Cerebrospinalvæska er klar, men trykket er høgare enn normalt. Etter eit par timar kjem svaret frå laboratoriet. Mikroskopi av cerebrospinalvæska viser soppceller positive for India Ink.
Tebogo hadde altså kryptokokkmeningitt. I Botswana er dette ein vanleg aidsdefinerande sjukdom, ein opportunistisk infeksjon med ein type sopp som ein ser ved låge CD4-tal. Behandlinga er langvarig og dyr og kan ha alvorlege biverknader. Difor er det viktig med spinalpunksjon for å få stilt rett diagnose. Denne pasienten har ingen kvite blodceller i spinalvæska trass i at ho har kryptokokkmeningitt, noko som indikerer langtkomen immunsvikt. Behandlinga som blir brukt mest i Botswana ved denne sjukdommen, er amfotericin B i minst to veker, deretter flukonazol. Flukonazol skal brukast heilt til CD4-talet har vore over 200 i minst seks månader og pasienten er asymptomatisk. Prognosen er relativt dårleg sjølv med optimal behandling, og mange pasientar døyr i løpet av dei fyrste vekene etter at diagnosen blir stilt. Negative prognostiske faktorar er endra mental status, høgt cerebrospinalt trykk, positiv India Ink-test, få kvite celler i cerebrospinalvæska og at ein isolerer kryptokokkar frå andre stader enn nervesystemet (1).
Pasienten fekk behandling med amfotericin B i eit par dagar, til det ikkje var meir amfotericin B på sjukehuset. Deretter var ho utan behandling i eitt døgn til legen fekk vite at det ikkje var meir av legemidlet på lager. Han rekvirerte då flukonazol i staden. Det vart utført ein terapeutisk spinalpunksjon to dagar etter den fyrste spinalpunksjonen for å senke trykket. Tebogo hadde fleire negative prognostiske faktorar, men kom seg mykje og vart skriven ut etter eit par veker. Ho starta rett etter utskrivinga med høgaktiv antiretroviral behandling, såkalla HAART-behandling, for å betre immunforsvaret. Med denne behandlinga kan ein vente ein auke i CD4-talet i løpet av nokre månader.