Papegøye fra Amerika
– Alt er jo så annleis i Amerika. Kan vi gjere som i barnesongen og ta noko med oss over havet til Kardemomme by, i dette tilfelle til Stryn, Fjærland og Bergen?
– All empiri taler for at ei sterk primærhelseteneste ikkje berre er ein god idé, men reduserer kostnadene, er effektiv, gir god kvalitet på det meste og dessutan nøgde pasientar. Også i USA ønskjer pasientane ein fast primærlege som første kontakt, om dei berre fekk sjansen. De må sikre balansen mellom første- og andrelinetenesta. Betaling og organisering treng ikkje vere identiske, men det må vere ein rimeleg balanse. De må vere på vakt hvis lønsforskjellane aukar, incentiva vert for ulike eller pengebruken og legetalet aukar i utakt i dei to sektorane. Og så må de verdsette det sentrale i lege-pasient-tilhøvet, nemleg konsultasjonen og ansvar for heile sjukdomsepisoden, også i pengar. Prioritering av prosedyrar framfor konsultasjon er i det lange løp nedprioritering av førstelinekontakten.
– Dei andre har alltid skulda, skjønar eg. Kva med allmennpraktikarane sjølve?
– Eg vil ikkje kalle det skuld, men dei tilpassar seg på ein dysfunksjonell måte. Dei aukar tempoet, dei arbeider lenger, og dei klarer tilslutt ikkje å handtere kvalitetskrava. Og i staden for å korte ned pasientlista si, strevar dei med å auke produktiviteten, med kvalitetstap og misnøgde pasientar som følgje. Men legar kan vere svært så produktive, utan å vere effektive! Det er ikkje framgang å redusere konsultasjonstida frå 15 til 12 minuttar, eller å presse inn ein ekstra, kanskje unødvendig prosedyre, og slik ikkje få tid til ein ekstra runde med pasienten om medikamentbruk eller livsstil. Men det løner seg, i alle fall her. Korleis tilhøva omkring dette er i Noreg, veit eg ikkje, men no er de advart!
– Er det meir?
– Ja, ein ting til. Krava til oss aukar jamt og trutt. Ein kronikar treng fleire konsultasjonar og meir oppfølgjing og tid enn før. Nye pasientgrupper og behandlingar kjem til. Når ein kjem i skvis mellom pågang og kva ein skulle ha gjort, vil kvaliteten lide. Med mindre de kan klare det vi ikkje klarer her, nemleg ein bevisst reduksjon i normtalet for pasientar ein bør ha ansvaret for.