Fastlegen – ein utdøyande rase?
Vestkantbygder kan vere så fantastiske dei berre vil – vegen der ifrå til eit medisinsk fakultet er lang. Spesielt lang var den nok for unge jenter i slutten av 1960-åra.
– Eg utdanna meg først til bibliotekar. Eg hadde ingen spesielle karriereambisjonar, og tenkte at eit studium på tre år måtte vere passeleg. For ein skulle jo ha tid til å få familie, fortel eksbibliotekaren, som etter kvart vart mor til fire.
Så gjekk det opp for Fagerheim at ho ikkje var så annleis enn dei som hadde tenkt å bli lege. Difor byrja ho også.
– Vi fekk barn heilt i starten av studiet, så det var ikkje så mykje eg fekk vere med i studentmiljøet. Men sjølve studiet likte eg med ein gong.
Som tidlegare akselererer Fagerheim når ho pratar om noko ho likar godt. I haust fekk ho ein pris av den lokale legeforeininga for arbeidet som lege for lege. I takketalen sa ho at ho gledde seg til jobben som allmennlege kvar einaste dag. Eg trur ho snakka sant.
– Spesielt etter fastelegereforma har det vore fantastisk, seier Fagerheim med ein entusiasme eg ikkje visste ein statleg reform kunne gje.
– Kva var det som var så fantastisk?
– Brått hadde eg 1 200 pasientar som var «mine». Og dei er det eg som har ansvaret for, uansett kva problemet skulle vere. Før fastlegeordninga gjekk ein ikkje inn i problema på same måten. At ein pasient kjem og vil fornye sertifikatet kan no vere inngangsbillett til eit spørsmål om eg skal ta ein sjekk.
Ho forklarer meg kor fort det er å bli fanga av allmennmedisinen som fag. For å bli spesialist jobba ho ei tid som assistentlege på sjukehus. Det var noko som mangla.
– Det var ei spanande tid, men eg følte at eg ikkje var skikkeleg lege lenger. Det ein driv på med i allmennpraksis, er så mykje større. I allmennpraksis er alt mogleg, ein kan gjere nett det ein vil, fortel ho ivrig og legg til at ho sjølv synest kronisk obstruktiv lungesjukdom, pediatri, gynekologi og psykiatri har vore spesielt spanande.
Og ho vedgår at ho reklamerar for allmennpraksis. Ho er uroa for rekrutteringa. Fleire stader har omgrepet «fastlege» allereie vorte ganske meiningslaust – det er ein vikarstafett.
– Det er så synd at det skal vere slik, for allmennpraksis er så utruleg viktig. I dei store byane kan kanskje pasientane «shoppe» spesialisttenester, men i utkantane vil det vere fastlegen som styrer utgreiinga. Det er vi som må samle trådane og forklare pasienten kva som eigentleg skjedde då han var innlagd på sjukehuset. Allmennlegen er sjølve krumtappen i helsevesenet, seier ho, utan ironi.
– Kvifor er det då så vanskeleg med rekrutteringa?
– Fordi ein sit det meste av dagen aleine på kontoret, sjølv om det er kollegaer på nabokontoret. På sjukehus har ein eit heilt batteri rundt seg – allmennpraktikaren må ta avgjersler på eiga hand. Når ein gjer ein feil, har ein ikkje så mange å prate med. Og så trur eg at det å køyre legevakt skremmer mange, resonnerer ho før ho går over til å fortelle meg om alle gledene i allmennpraktikarkvardagen att.
Fagerheim fôrar meg med fastelavnsbollar og gode argument for å velje allmennmedisinen. Mett og full av karriereplanar kan eg starte på reisa heimover. Det har vore kjekt å prate med Kari Fagerheim. Eg kan stadfeste rykta som seier at ho er ei sjarmerande og sprudlande dame.
To dagar etter intervjuet ringer ho meg attende. No er tonen ein heilt annan. Ho er kort sagt opprørt.
– Eg har nettopp høyrt ei historie som skuffa meg slik at eg ville ringe deg. Det handlar om eit nybakt foreldrepar der ikkje alt gjekk heilt som det skulle ved fødselen. Faren er lege. Assistentlegen med minst erfaring fekk i oppgåve å leie utskrivingssamtalen. Spørsmål om tolking av MR-funn, vurdering og prognose fekk inga tyngde. Det vart ein ubehageleg situasjon for begge partar. Her burde ein ha sett inn overlegen med mest kompetanse og erfaring. Eg hadde verkeleg håpa at vi var meir profesjonelle som legestand i 2007, fortel ho med eit tonefall som understrekar kor skuffa ho er.
– Då du var her, spurte du meg om kvifor eg passa til å vere med i lege-for-lege-ordninga. Eg har tenkt meir på det og trur det viktigaste er at eg kan vere bestemt. Å vere lege for lege betyr å ta styring. Eg er doktor, og den doktoren som sit ved sida av meg er ein pasient. Og det skal han få lov til å vere.
Tabell
| Kari Fagerheim Født 10. mai 1949 i Høyanger -
Cand.med. Universitetet i Oslo 1982 -
Spesialist i allmennmedisin 1987 -
Allmennlege på Eid sidan 1985 -
Lege for lege i mange år |