Nye tilbod ved psykisk sjukdom
I 2002 starta Leger Uten Grenser eit nasjonalt pilotprosjekt i Armenia for behandling av psykiatriske pasientar utanfor institusjonane. Prosjektet er eit samarbeid mellom det armenske helseministeriet og Leger Uten Grenser, med sistnevnte som arkitekt, donor og regissør. Det er fem byar i provinsen, Sevan, Gavar, Martuni, Vardenis og Tchambarak, og prosjektet har etablert psykiatriske dagsenter i fire av dei. Mellom byane bur folk i små landsbyar. Over halvparten av befolkninga lever i stor fattigdom, og naturalhushald har delvis erstatta lønnsarbeid. Folk manglar pengar og har ikkje råd til buss, medisinar eller legehonorar. Leger Uten Grenser deler ut nødvendige medisinar, mens legekonsultasjonane er gratis. Pasientane kan søke om støtte til transport.
Neste fase var å etablere fire psykiatriske poliklinikkar. Inntil nylig blei ambulante psykiatritenester dekka av 3 – 4 psykiatrar med ei fagleg tilnærming basert på ortodoks, biologisk orientert psykiatri og med polyfarmasi som varemerke. Det er «vanlege» legar i byane og i enkelte landsbyar, men ikkje allmennlegar slik me kjenner dei i Noreg. Den medisinskfaglege kompetansen er på ein del områder låg, særleg gjeld det kunnskap og erfaring om psykiske lidingar. Allmennlegane eg hadde kurs for, fortalde at dei knapt nok behandla pasientar med psykiske lidingar, dei tilviser ikkje til psykiater, dei har ikkje rett til å legge pasientar inn i psykiatrisk sjukehus og har ikkje tilgang på psykofarmaka. Som følge av felles kultur og språk har legane mange av dei same fordommar som pasientane om psykiske lidingar. Mentale symptom vert definerte som somatiske med den konsekvens at pasienten oppsøker nevrolog, indremedisinar eller andre spesialistar på soma.
Målet er å etablere tverrfaglege team ved poliklinikkane og å få dagsenter og poliklinikk til å fungere som ei funksjonell eining. Psykolog og sosialarbeidar er tilsett og skal sammen med psykiater og sjukepleier «fronte» moderne psykiatri frå nyrenoverte kontor. Modellen kan neppe seiast å vere revolusjonerande, for tverrfaglege team har i årevis vore sjølvsagt i europeisk psykiatri. Men det gamle systemet i Armenia treng, som i europeiske land, tid til å absorbere nye idear og å akseptere nye profesjonar. Utdanning for sosionomar fantes ikkje, men Leger Uten Grenser har stått for opplæring av sosialarbeidarar i dagsentra og i poliklinikkane. Psykologane har lite relevant klinisk erfaring, og mange psykiatrar ser ikkje korleis dei nye terapeutane skulle kunne integrerast i den terapeutiske praksisen som var etablert under andre politiske og faglege regime. Hausten 2006 var eg einaste ikkje-armenar i Leger Uten Grenser-teamet og hadde, sammen med sosialarbeidar og psykolog, ansvar for undervisning og rettleiing av armenske psykiatrar, psykologar og sosialarbeidarar i poliklinikkane og i dagsentra.