Kva er eigentleg problemet?
Ja, apropos sjukehusdebatt; i mitt heimfylke er den på eit historisk aggressivt nivå. Utgangspunktet for disharmoni er det aller beste med fire sjukehus på 107 000 innbyggjarar. Viljen til lokal forsoning er ikkje akkurat særs synleg. Då eg i vår jobba ved nærsjukehuset i Florø, opplevde eg fleire gonger at det første pasientane formidla, var at dei heller ville døy enn å verte overflytta til Førde. Slikt kan setje tankane i sving hjå nokon kvar, så eg ville nytte dette høvet til å stille nokre spørsmål om styring av helseføretak. Og då ein halvtime går raskt, er det ikkje noko poeng å gå rundt grauten.
– Kvifor er det eigentleg så farleg å leggje ned eit lokalsjukehus?
– Nærleik er viktig, og med busettingsmønsteret i Noreg ønskjer vi å behalde alle sjukehusa. Så må vi sjølvsagt ha arbeidsdeling på dei tinga vi treng å vere ekstra gode på, seier ho og refererer til ei undersøkjing som syner at overlevinga etter eggstokkreft aukar om ein vert operert av dei som har mest trening.
– Akkurat det illustrerer jo at det er rett å samle enkelte funksjonar, noko som kanskje ikkje er så lett å forstå for folk som demonstrerer for lokalsjukehuset sitt. Kanskje det rundt om i Noreg vert arrangert demonstrasjonar for helsetilbod som ikkje er så bra?
– Fakkeltoga uttrykkjer mykje engasjement og kjensler, og folk er redde for kva som vil skje om lokalsjukehuset blir borte. Så er det interessant å merke seg at om folk blir alvorleg sjuke, er dei villig til å reise mange mil for å kome til den staden dei trur har den beste behandlinga. Så det er ikkje alltid konsekvens i dette, men eg tar på største alvor at det er stort engasjement mange stader, også i heimfylke ditt, seier ho og smiler.
– Som du hevdar: Når folk blir alvorleg sjuke, har dei lyst til å reise til ein plass med kvalitetsbehandling. For på ny å bruke Helse Førde som døme: For å oppretthalde lokalsjukehusfunksjonar, må ein kutte ved sentralsjukehuset. Når folk eingong blir alvorleg sjuke, er kvaliteten der redusert. Hadde det ikkje vore betre for folk i Sogn og Fjordane å kutte ut eit lokalsjukehus når ein først blir pålagt å spare pengar?
– Eg trur ikkje det, og regjeringa meiner ikkje det. No er det jo styra i Helse Førde og Helse Vest som skal ta seg av enkeltdelane, så det ville vere feil av meg å gå inn på detaljar, bortsett frå at eg har kalla inn til eit ekstraordinært føretaksmøte om Sogn og Fjordane.
Dette møtet var opprinneleg planlagt til to dagar etter dette intervjuet. Hjå dei lokale bookmakarane var det låge odds for at Brustad ville gjere om Helse Vest sitt vedtak om å trappe ned ortopeditilbodet i Lærdal. Forgjengaren hennar har freda sjukehuset i Florø og fødestova i Lærdal, og det er mange som lurer på kva styra i helseføretaka eigentleg kan bestemme. – Har du forståing for at mange meiner politikarane er feige når dei ikkje tør å leggje ned sjukehus eller sjukehusfunksjonar?
– Det er heile tida mange meiningar om sjukehussektoren, men diskusjonen om ein skal leggje ned lokalsjukehus, kan leggjast død. Det står i Soria Moria-erklæringa at ingen sjukehus skal leggjast ned, så det blir feil å bruke tid på å diskutere dette vidare, konkluderer ho myndig.