Eit meir opplagt val
Sitt eige kall til psykiatrien var Aarre tidleg klar over. Han vurderte så vidt indremedisin («for mykje prosedyrar») og allmennmedisin («for langt mellom dei sjuke»), men hadde vel bestemt seg allereie i turnustida. At han hadde studert filosofi i to år, gjorde ikkje valet vanskelegare. – Når ein har interesse for humanistiske fag, er nok psykiatrien eit nærliggjande val.
Aarre starta som assistentlege ved Nordfjord psykiatrisenter i 1991. Han var då den aller første assistentlegen her som uttrykte eit ønskje om å bli verande etter at han var ferdig utdanna. Då Thorleif Ruud byrja som forskningssjef ved Sintef og hans etterkomar hadde pensjonert seg, tok Aarre over som avdelingssjef. Og rolla som einsam psykiater. – I tre år var eg aleine overlege her. Det var på ein måte min jobb å prøve å vite alt, og eg følte til tider at alle praktiserte på min lisens. Dei som har eit stort kollegium, kan til ein viss grad lene seg tilbake medan andre held dei oppe. Det går ikkje her. Det blir stilt større krav til dei som jobbar i små miljø, så vi kan eigentleg berre bruke dei beste.
– Korleis fungerer det når ei stilling er utlyst i 20 år utan søkjarar?
– Vi må utdanne folk sjølv. Vi finn folk vi synest er lovande, og gjev dei ei førsteklasses utdanning. Det gjer at det blir veldig stabile miljø og etter kvart ganske høg kompetanse. I ein oppbyggingsfase er det vesentleg at dei sentrale fagfolka er der over tid, forklarar avdelingssjefen, og legg til at det av den grunn ikkje har vore aktuelt å leige inn vikarar. Det tør han ikkje. – Vi har ikkje råd til å importere problem. Vikarstafettar inneber tilfeldig rekruttering, men vi må vite kven vi har på laget. Då får det heller vere at det blir mykje arbeid, seier han, og legg stolt til at frå nyttår er det tilsett folk i alle dei tre overlegestillingane og dei har måtta seie nei til fleire flinke søkjarar til assistentlegestillingane.
Som turnuslege ved Førde sjukehus har eg allereie gjort meg opp ei meining om kor godt det fungerer med danske vikarar og dialekttru fjordingar. – Så flaks at du kom hit i turnustenesta, dett det plutseleg ut av meg.
– Kjempeflaks, tenk kor eg kunne enda!
– Eg tenkte på Nordfjord psykiatrisenter...
– Eg tenkjer dagleg på at eg er ein heldig mann. Det er ikkje alle unnt å arbeide på ein plass der alt ligg til rette for å gjere ein fornuftig og forsvarleg jobb.
– Så du har aldri tenkt på karriere på eit stort universitetssjukehus?
– Nei, det tenkte eg aldri på, seier han og ler litt. Kvifor i allverda skulle eg ønskje det?
– Nei, einkvar kan jo tenkje i dei baner...
– Det dreiar seg ikkje om posisjonen, men gjerninga, så kvifor skal ein streve etter karriere i ein stor by? Ein vil kanskje få vere sjef for nokre fleire enn det eg er her, men arbeidet er nødvendigvis ikkje annleis og meir interessant. Heilt sikkert ikkje meir interessant, faktisk. Sannsynligheten for å få resultat av innsatsen er større her. Eg ser korleis kollegaene mine blir plaga i store, tunggrodde system der dei har liten innverknad på arbeidsdagen, i ein organisasjon som ikkje er lagt til rette for moderne og jordnær psykiatrisk verksemd. Eg tykkjer synd på dei.