Sosiolog i smug
Då divisjonsdirektøren skulle bli presentert i Helse Innlandet si internavis, stod overskrifta «ELSKER KIRURGI» med store bokstaver. Framleis går han vakter på gastrokirurgen på Hamar.
– Kva er det som gjer kirurgi så spanande?
– Det er gøy å sjå resultatet av det ein gjer med ein gong. For dei som ikkje er ekstremt tålmodige, er kirurgi eit bra fag. Og det er ikkje slik som nokon trur at ein berre er ein slags handverkar; sjøvsagt må ein kombinere teori og praksis. Det appellerer, forklarar han, og nikkar stadfestande når eg spør om det er sant at han med glede stiller i operasjonssalen klokka 0300 sjølv om han ikkje har vakt.
Som medisinstudentar flest var imidlertid ikkje Graadal sikker på at det var kirurg han skulle bli då han var ferdig med studiet. Det var heller slik at han var sikker på at han ikkje skulle velje kirurgi; det var altfor mange sære og spesielle folk i faget. Han var meir interessert i sosiologi.
– Eg tok grunnfag og mellomfag i løpet av legestudiet. Dette var i dei raude 1970-åra, og det var spanande å vere på forelesningar på Blindern. Ei tid var det ikkje nok timar i døgnet, og sosiologiinteressa mi gjorde at eg nesten strauk i patologi.
I løpet av turnustenesta skreiv han hovudfagsoppgåve om verdien av å bruke blodprøver som screening i bedriftshelsetenesta. Konklusjonen var nedslåande: – Det var utan verdi.
Omtrent like verdilaust har kolleger meint det var å studere sosiologi. Medan Graadal var under spesialisering ved Ullevål vart han råda av sjefen sin til å halde hovudfaget sitt hemmeleg. Det ville nemleg telje negativt i eit jobbintervju om dette kom fram.
Ein får tru at kirurgikarrieren til Graadal no er såpass solid at det går greit å nemne sosiologiinteressa hans i Tidsskriftet. Framleis har han sosiologi som hobby. Og dei sære kirurgane ser han ikkje lenger noko til. – Kirurgane er nok meir normale enn før. Eller kanskje har eg sjølv vorte sær og spesiell, seier han med eit glimt i auget som gjer at eg umiddelbart går for det første alternativet.
– Når ein er så glad i kirurgi, kvifor då ta på seg ein jobb som det er heilt umogleg å ikkje bli upopulær i?
– Det har eg lurt på sjølv nokre gonger, seier han, og må faktisk tenkje seg om eit minutt før han svarer. – Eg har vore med heilt frå helsereformen kom og ein byrja å tenkje meir i regionar. I det å sjå heile Helse Innlandet som eitt helseforetak ligg det eit potensial til å få til noko. Det å få vere med på å lage ein plan for korleis helsevesenet skal vere dei neste 30 åra, er heilt klart morosamt, men av og til lurer eg på kvifor eg ikkje går attende til kirurgi, som er morosamt heile tida.
Slik er det nok mange legar som tenkjer. Det er i alle fall eit faktum at det i andre helseforetak ofte er andre enn legar som har den tilsvarande stillinga som Graadal har. Er legar for redde til å ta på seg leiaransvar?
– Det er synd at det ikkje er fleire legar i leiarposisjonar. Det er ikkje slik at legar automatisk er dei beste leiarane, men det er heller ikkje bra å overlate arenaen fullstendig til andre. Når det er sagt, kan eg til dels forstå at legar kvir seg for å jobbe administrativt, for dei er jo glade i faget sitt, som er konkret og spanande. – Og kanskje legar er smarte nok til å forstå kor vanskeleg det er å leie legar, seier han med eit smil.