Nobelpris eller sjukebesøk?
I ingressen forlét eg Chaudhry der han funderte over om det finnast noko viktigare enn karriere. Og det gjer det sjølvsagt.
– Karrieremessig er eg allereie der eg kunne drømme om å kome. Drivkrafta mi er ikkje prisar, men min eigen trong til å forske. Det er viktig for meg å ivareta personlege eigenskapar; som muslim er livsmålet mitt å vere eit godt menneske. Det høyrest svulstig ut, men ein skal ikkje trenge å vere drittsekk for å gjere karriere, seier han som fekk rosande omtale i Science som ein ung og lovande forskar.
Eg snakka med venene hans, studentar og kollegaer i forkant av intervjuet, og nemninga dritsekk var ikkje i nærleiken av det som blei sagt. Istaden florerte det av karakteristikkar som omtenksom, rolig, avbalansert, audmjuk og flink. Like fullt blir han oppriktig overraska når eg fortel han at fleire av studentane hans likar han skikkeleg godt.
– Sa dei verkeleg det? Det var veldig interessant. Eg prøver nemleg å vere ein tøff rettleiar og set strenge krav til mine studentar. Vi har møte ein gong i veka, og eg fortel dei ofte at det går seint framover. For meg er det ikkje noko mål å vere populær og kul no. Eg prøver heller å lære dei gode vanar heilt frå starten av, forklarar han, og legg til som eit døme at ein fint kan klare seg med mykje mindre enn åtte timar søvn kvar natt om ein berre venner seg til det.
Eg byrjar å forstå kvifor Chaudhry har klart å gjere karriere så raskt. Sjølv meiner han at det først og fremst er dyktige rettleiarar som har æra. Jon Storm-Mathisen blir nemnt ofte.
– Han er eit fantastisk positivt menneske. I ein periode av doktorgradsarbeidet er kanskje rettleiaren din den personen du tilbringar mest tid i lag med. Om de trivst i hop, kan det bli veldig bra. Og det vart det for meg.
Men Storm-Mathisen er på langt nær den einaste som Chaudhry vil nytte høve til å takke. Det er viktig for han at professor Robert H. Edwards blir nemnt, leiaren for laboratoriet han arbeidde ved i USA, samt andre medarbeidarar der og heime. Men det stoppar ikkje der, for han nemner professorar som har lært han kliniske triks, folk som har gjeve han deltidsjobbar og mange andre som har vore hjelpsame ved ulike høve. I det heile får ein inntrykk av at Chaudhry er ein mann som meiner han har mykje å takke for.