Designaren Dembski
Då gjer matematikaren William Dembski sin «vitskaplege» entré. I 1999 publiserte han boka Intelligent design (2), der han la fram ei utdjupande framstilling av korleis han meinte å ha gitt eit vitskapleg bevis for Gud sin eksistens, om enn indirekte. Undertittelen på boka, Brua mellom vitskap & teologi, gav på ein programmatisk måte boka sitt credo. I det fylgjande vil eg gi eit kort resymé av tankane i boka.
For lesarane av Tidsskriftet er det av interesse at Dembski oppfattar seg sjølv som ein lækjar som skal frelse verda frå dårleg vitskap og dårleg teologi. Med omsyn til vitskapen gjer Dembski det klart at naturalismen, det vil seie naturvitskapen, har så mange manglar at han snart vil sprengjast innanifrå. Naturalismen er ein sjukdom, «vår tids intellektuelle patologi» (s. 120) som alle naturvitarar er infisert med. Vidare heiter det at «naturalismen er sjukdomen. Intelligent design er kuren» (s. 120). Kuren er altså å byggje ein ny vitskap som gjer betre greie for naturfenomena enn kva moderne fysikk og biologi gjer.
Og Dembski går verkeleg radikalt til verks. Han tek, som naturvitaren, utgangspunkt i den observerte verda. Og som naturalisten ser han at alt levande er komplekst oppbygd. Men i motsetnad til biologen ser ikkje Dembski teikn til utvikling. Tvert imot ser han, som Paley, teikn som tyder på at kompleksiteten skuldast intelligent design. Ut frå dette utleier Dembski at alt han finn i naturen som er komplekst og som samstundes har ein ikkje-tilfeldig funksjon må vere skapt. Denne typen spesifisert kompleksitet er for Dembski eit absolutt kriterium på at noko er intelligent designa, og kriteriet kan derfor nyttast som ein diagnostisk test.
Dembski veit godt at testar som målar komplekse fenomen, til dømes medisinske testar, gir resultat som med større eller mindre truverde varierer saman med det ein ynskjer at testen skal måle. I vitskapen ynskjer ein derfor å validere nye testar ved å prøve dei ut på eit utval av einingane som skal analyserast. Men sidan naturvitskapen ikkje kan anerkjennast av designrørsla, mellom anna fordi vitskapen er ein «ideologisk sjukdom», finn Dembski at dette kravet må fråvikast. Han hevdar vidare at testen nok kan gi falskt negative svar, det vil seie at einingar som er intelligent designa kan slå ut negativt i testen, men testen gir ikkje ut falskt positive svar. Dette kan han bevise ved «ei enkel induktiv generalisering. Ho har same logiske status som når ein konkluderer med at alle ramnar er svarte gitt at alle ramnar som til no er observerte er svarte» (s. 142). Ikkje uventa fortel resultata frå Dembski sin test at alt levande har høg spesifisert kompleksitet og at det dermed er intelligent designa.
Men no er det slik at induktive generaliseringar, i motsetnad til deduktive slutningar, er meir eller mindre usikre. Som alle med litt kunnskap om statistikk veit, er styrken til ei induktiv slutning avhengig av kor godt utvalet representerer populasjonen ein ynskjer å applisere testen på. Dette veit også matematikaren Dembski, men han hevdar også at naturalismen er ein metafysisk posisjon som ikkje kan brukast til å avgjere om testen er god eller dårleg. Derfor kan han i valideringa av testen sjå bort frå om resultatet frå den induktive slutninga er sannsynleg eller ikkje. Her kan naturvitarar vanskeleg fylgje honom, og dei vil nok hevde at testen slik han føreligg, er ubrukeleg. Særleg alvorleg er dette når testen skal nyttast til å avgjere om det er intelligent design eller naturleg seleksjon som rår grunnen i den biologiske verda.
Ei anna lita hake her er at evolusjonsteorien til Darwin også er ein induktivt støtta teori. Det finst ikkje, slik Dembski synest å hevde, premiss som gjer at teorien om naturleg seleksjon med deduktiv styrke kan avvisast. Kvifor induktiv støtte er tilstrekkeleg for designargumentet men utilstrekkeleg for evolusjonsteorien, vert det ikkje gjort greie for. Dette er det viktig å få klargjort, av di designargumentet, i motsetnad til evolusjonsteorien, ikkje gir prediksjonar som kan testast etter vitskaplege standardar. Ein kjenner ikkje designaren sine målsettingar; dei er det notorisk vanskeleg å utleie, noko domedagsprofetiane viser. Av same grunn er designargumentet ikkje ope for falsifisering ved empiriske observasjonar.