Krig og fred og sånt
Ei lita rundspørjing hjå kollegaene ute i praksis syner at Reidun Førde blir oppfatta som modig og flink til å profilere legeetiske problemstillingar offentleg. Det var òg ein del av programerklæringa hennar då ho tok til i jobben.
– Min ambisjon har vore å halde levande evna og viljen til å stille dei grunnleggjande verdispørsmåla i faget – om godt, nyttig og sant. Det er viktigare og vanskelegare no enn då eg vart valt for berre åtte år sidan.
– Kva er blitt vanskelegare?
– Å vere lege i verda. I eit snevert perspektiv: Å vite korleis ein skal handle som ein god lege her heime, i vår rike del av verda. Det etiske imperativet er å hjelpe den andre ut frå kva han treng og ikkje ut frå hjelparen si eigennytte. Dette er òg nedfelt og eksplisitt formulert i dei etiske reglane til Legeforeningen. Respekten andsynes oss som legar står og fell med samfunnet si oppfatning av kven og kva som styrer oss. Når helsetenester i aukande grad blir organiserte etter ein bedriftsøkonomisk modell og blir selde som varer på ein marknad, krev det høg grad av sjølvjustis å prioritere det nyttige framfor det mest lønsame der desse to ikkje fell saman. Utvidar vi perspektivet til å tenkje om verda som heilskap, fell heile reknestykket vårt frå kvarandre. Då blir mykje av det nyttige vi er samde om på ein norsk dagsorden meiningslaust og uetisk.
– Blir ikkje det i seg sjølv uetisk å setje norske pasientar opp mot dei lidande i den fattige delen av verda?
– Mange meiner det. Eg ser sjølvsagt at den einskilde legen vil bli handlingslamma dersom han til dagleg skal nytte global rettferd som målestokk på dei kliniske avgjerdene sine i praksis. Samstundes kjenner eg det som mi plikt å bringe dei globale problema på banen i den politiske debatten om helseressursar og prioriteringar, der dei høyrer heime. Eg skreiv ein kronikk i Aftenposten hausten 2005 saman med kollega Berit Bringedal der overskrifta var Helsebudsjettet bør begrenses (1). Eg fekk mykje kjeft for den kronikken, men òg ros.
Det var ikkje rart at ho fekk kjeft. Først refsa ho dei som klagar over knappe ressursar medan dei sløser bort pengar på tiltak som anten er unyttige eller direkte skadelege. Så stilte ho det uunngåelege spørsmålet som altfor få gidd eller tør stille: «Et for oss etisk brysomt spørsmål er hvordan vi i den rike delen av verden kan forsvare å bruke milliardbeløp på å forebygge fremtidig sykdom når nøden er så stor her og nå, bare noen flytimer unna? Hvordan kan vi forsvare en ressursfordeling som gir marginal helseforbedring i Norge, eller stimulerer til en opplevelse av uhelse i befolkningen, når de samme ressursene kan brukes til å redde liv og forhindre at hele samfunn trues fordi den unge og arbeidsføre delen av befolkningen dør?» Ikkje alle medlemer av Den norske lægeforening sette pris på at ein av deira eigne sentralt plasserte tillitsvalde nytta kronikkplassen i landets største avis for å be om mindre pengar til eit helsebudsjett som ho til alt overmål karakteriserte som «overdådig luksus»!
– Er engasjementet ditt religiøst forankra?
– Nei. Eg hadde det eg vil kalle ei religiøs legning eller grunnstemning til eg fylte 50. Til då hadde det meste vore godt i livet. Så skjedde det mykje vondt på kort tid. Mange blir meir religiøse av slikt, for meg vart religionen fjernare. Eg trur på gode møte mellom menneske. Og på mitt eige engasjement.