Lege i litteraturen
Lenge før studiane i russisk, ja, faktisk allereie før tida som medisinstudent, studerte Lund filologi. På gymnaset var han mest interessert i språk, litteratur, historie og politikk, og starta på universitetet som filologistudent. Noko defensivt påstår han at han mangla dei kreative evnene som trengtest for å få ein interessant karriere på dette feltet, og skifta til medisin då han såg at han var på god veg til å bli lektor. Men interessa for språk har han haldt ved like.
– Eg har alltid likt å file på setningane for å finne den perfekte formuleringa. Dessverre er eg ikkje så god til å finne på ting sjølv, seier han og stadfestar at det å vere lite frampå må vere ei grunnhaldning hjå han.
Men formuleringsevna er det uansett ingen tvil om, og for den litteraturinteresserte lesar av Tidsskriftet er nok Per J. Lund ikkje eit framand navn. Han har anmeldt fleire bøker, spesielt av russiske forfattarar og ikkje minst har han skrive spanande artiklar om forfattarar som også var legar (3) – (8).
– Den mest kjende er kanskje Tsjekhov, han praktiserte som lege nesten heile livet. Han hadde også tuberkulose, men han vegra seg i årevis for å la seg undersøkje av ein kollega. I brev han har skrive, kan vi lese korleis han bagatalliserer symptoma sine, sjølv om diagnosen var openberr. Kanskje ei lita påminning om at ein ikkje skal vere sin eigen lege?
Han har òg skrive om den amerikanske legen Williams, dansken Emil Aarestrup, og deira russiske kollegaer Veresajev og Bulgakov. Spesielt den sistnevnte sine litterære produksjonar har han via mykje tid.
– Mikhail Bulgakov slutta å praktisere som lege ganske tidleg. Han er mest kjent for romanen Mesteren ogMargarita, men har òg skrive nokre noveller frå tida då han jobba som ung lege i distriktet i Russland. For moro skuld og for å halde russisken ved like starta eg å oversetje nokre av desse novellene, og etter kvart vart det nok til ei lita bok. Eit legemiddelfirma såg sjansen til å skåre nokre kulturelle poeng og tok på seg å gje ut boka, forklarar han og overrekker ikkje utan stolthet eit signert eksemplar av Stålstrupen og andre fortellinger.
No held han på med ein artikkel om den franske legen og forfattaren Céline. – I tillegg til å vere lege og forfattar var han ein skikkeleg drittsekk, seier Lund med iver i stemma. Artikkelen kjem snart på trykk i Tidsskriftet og det er berre å glede seg.