Roing og gjærbakst
Keramikkinstruktør, sauegjetar, skogsarbeidar og amerikanar med språkøyre – dr. Fagan har nok meir enn gjennomsnittleg av både tiltak og talent. Imponerte vener kan fortelje at han er ein dyktig kokk, at han leverer sjølvproduserte julepresangar og at han er svært glad i noko så gamaldags som å skrive brev. Som for å prove at mine informantar snakkar sant, bakar han i løpet av tida intervjuet varer gjærbakst av ei mengd eit middels bakeri verdig.
Av sine mange talent var det idretten Fagan satsa hardast på i ungdommen. I si tid var han veldig nær ved å kome med på det amerikanske landslaget i roing.
– Medan eg var student, rodde eg i firar utan styrmann. Vi gjorde det bra og vann alle stemna vi stilte opp i, inkludert den amerikanske universitetsmeisterskapen. Då eg var ferdig bachelor i geografi, tok eg fri eit år frå studiane for å prøve å kome på rolandslaget. Uttaket vart avgjort på klassisk amerikansk måte – eitt løp avgjorde, det hadde ingenting å seie kva ein hadde prestert resten av året. Diverre vart eg sjuk akkurat den dagen uttaket var. Og det var det.
Trass i mange merittar er det ikkje så lett å få han til å prate om idrettsprestasjonane sine. Rykta seier at han er ein svært habil løpar, og at han satte ein solid støkk i løpseliten i Arendal då han stilte opp i eit lokalt løp rett etter at han hadde flytta dit. Den same ryktespreiaren meiner å vite at han har sprunge Boston Marathon på godt under tre timar, men han er ikkje særleg lysten på å fortelje om rekordane sine.
– Eg er 47 år, og tida med aktiv idrett er over. Det er eigentleg litt synd når eg tenkjer på det. På den andre sida er det lite som er så patetisk som 45-åringar som masar om rekordar, seier han.
Sjølv om tida som aktiv idrettsutøver er over, prøver Mark Fagan å halde seg i form. Ei tid nytta han ein kombinasjon av to transportmiddel for å kome seg frå Tromøya til jobb i Froland – kano og sykkel. Kreativitet med tanke på trening er nok ikkje dumt, for han har eit stramt tidsskjema.
– No for tida har eg ein hobby som er ganske så altoppslukande, seier han og nikkar fornøgd mot stova, der to av borna hans leikar.