Papirkonstruksjon
Dei fleste presentasjonane kom frå vertslandet. Gjennom innlegga og meir uformelle samtalar teikna det seg eit bilete av eit land med svære utfordringar på mange plan, dersom ein i det heile tatt kan tale om eit land. Meir enn fem år etter at Dayton-avtalen gjorde slutt på krigen, er staten Bosnia og Hercegovina i stor grad ein papirkonstruksjon. Den serbiske delen, Repúblika Serpska, fungerer temmeleg autonomt. Konføderasjonen av kroatar og muslimar, som utgjer den andre hovuddelen, har sterke indre spenningar.
Konføderasjonen er på si side vidare inndelt i ti relativt autonome kantonar. Medan folketalet før krigen i 1991 var 4,4 millionar, var det i 1999 3,8 millionar. Ein kvart million døde under krigen eller er framleis sakna. 200 000 blei varig funksjonshemma.
Det er rekna til at minst ein firedel av folket har symptom på posttraumatisk stressyndrom. 700 000 lever som flyktningar utafor heimlandet, og emigrasjon av yngre og middelaldrande personar, ofte med god utdanning, held fram. Brutto nasjonalprodukt per innbyggjar var i 1999 under halvparten av nivået frå 1991. Arbeidsløysa er offisielt 50 %, men i ei undersøking som blei lagt fram
på konferansen, fann dei at talet var nærare 75 %. Halvparten av innbyggjarane lever under den offisielle fattigdomsgrensa.