Like erfaringar
Konferansen om medisinske feil, arrangert av den engelske legeforeningen og British Medical Journal, hadde samla om lag 150 deltakarar frå Europa, USA og Australia. Både sjukehusadministratorar, alle typar klinikarar, pasientrepresentantar, fjernsyn og medisinske og ikkje-medisinske tidsskrift var representerte. I samband med seminaret var det gitt ut eit spesialnummer av BMJ om emnet (1).
For oss som har arbeidd med dette feltet i Noreg, var det interessant å konstatere kor like erfaringar vi har, trass i at foredragshaldarane kom frå land med store skilnader i helsetenester og medisinsk-legalt klima.
Foredraga heldt sjeldan høg kvalitet både med omsyn til innhald og til engasjement, og dei spente over ei rekkje felt. Etter samtlege innlegg var det ein uvanleg livleg debatt.
Seminaret la stor vekt på at arbeidet med medisinske feil er viktig for å auke pasienttryggleiken. Forsking både frå Australia og England tyder på at mange pasientar døyr eller blir skadde, og mange sjukehussenger er opptekne på grunn av feilbehandling og biverknader av behandling. Berre eit fåtal av desse skadane blir rapporterte. Kombinasjonar av pasientrapportar, systematiske datasøk i journalar og interne registreringsrutinar mangedobla prevalensen av uønskte effektar av behandling. Ein stor prosent av desse skadane blei framheva som unngåelege. Sjølve omgrepet unngåeleg (preventable) blei trekt fram som problematisk. Sikkert er likevel at arbeidet med å gå igjennom uhell eller nesten uhell på ein systematisk måte er viktig for å få ned talet på slike hendingar. I England startar ein nå opp ei større undersøking med tanke på å kartleggje «the epidemiology of medical errors».