Artikkel
Sammendrag
Artikkelen gjev eit oversyn over måla for helsetenesta i Noreg slik desse er formulerte i sentrale statlegestyringsdokument i tidsrommet 1672-1999. Ein modell for analyse av desse måla blir presentert. Metoden er ein historiskinspirert dokumentanalyse.
Omsut for pasienten, oppfatningar om behovet for medisinske tenester i samfunnet og administrative føresegner pregarmålsettet gjennom heile tidsrommet. Effektiv utnytting av tilgjengelege ressursar kjem inn som mål mot slutten avperioden. Dei uttrykte måla for den norske helsetenesta er meir retta inn mot helseteneste enn mot helse i segsjølv.
Analysemodellen nyttar omgrepa miskunn, nytte, orden og profitt for å gruppere dei ulike måla. Om ein legg dennemodellen til grunn for analysen, verkar det som om hovudmåla har vore påfallande stabile gjennom heile det studertetidsrommet, sjølv om nytteomgrepet ser ut til å bli viktigare dei siste tiåra.