Artikkel
Sammendrag
Flamenco, badestrender og tyrefekting er like typisk for Spania som bunad, hardingfele og mjølkebartar er for Noreg.Den iberiske halvøya er både kjend og ukjend for dei tusentals nordmenn som kvart år forlet regn og ruskevær for åfylle på melatoninlageret sitt til ein billig penge. Opplevingane trillar inn for eittårsemigrantar på Erasmus-stipend,og gjer at det kan verte stilleståande og tungt å kome heim. Kva har det faglege utbyttet vore, og har det vore godtnok? Den norske sjølvgodheita vil ofte svare nei, og ein lurer sjølv når dei språklege barrierane framleis er eitfaktum. Men sanninga er at vi har fått sjansen til å sjå og vurdere ulike system og måtar å organisere utdanninga oghelsekvardagen på. Dette vil vonleg gjere oss meir medvitne om og i vårt framtidige arbeid.